Kristine Roald Sandøy

Kristine Roald Sandøy

Eg beveger meg i ulike retningar innanfor kunsten og arbeidar med kinetisk skulptur, mekaniske konstruksjonar, kunst i offentleg rom og scenekunst.

Balansekunst

 

Kristine Roald Sandøy i verkstedet
Kristine Roald Sandøy i verkstedet

Eg vaks opp på Vigra og var elev ved Ålesund Kunstskule 2002-2004. Åra ved kunstskulen var svært utviklande for meg fagleg og ikkje minst sosialt. Eg var allereie her svært interessert i scenekunst, samt å setje saman ulike objekt til nye former. Etter kunstskulen studerte eg vidare på drama/teater ved NTNU, og tok så Bachelor og Master ved Metall-linja på Kunsthøgskulen i Oslo.

 

Eg ville lære å jobbe med metall for å kunne bygge små, store og solide konstruksjonar, samstundes som eg kunne jobbe med og setje saman andre materialar ved hjelp av metallet sine eigenskapar. Eg beveger meg no i ulike retningar innanfor kunsten og arbeidar med kinetisk skulptur, mekaniske konstruksjonar, kunst i offentleg rom og scenekunst.

 

"The Brazz dream" av Kristine Roald Sandøy
«The Brazz dream» av Kristine Roald Sandøy

Frå 2009 har eg vore engasjert i kunstnargruppa Verdensteatret. Denne gruppa jobbar i skjeringspunktet mellom scenekunst og billedkunst. Her byggjer eg mekaniske skulpturar som er del av førestillingane. Saman med gruppa reiste eg i 2010-2013 på verdensturné med førestillinga ”And All The Questionmarks Started To Sing” og ”Broen over Gjørme”. Sistnemnte vart vist på Henie Onstad Kunstsenter september 2014. Verdensteatret vant Heddaprisen sin ærespris i 2014. www.verdensteatret.com

 

I 2011 vart eg både tildelt Anders Jahres Kulturpris sin juniorpris og Gnist-stipend frå Sparebanken Møre. Eg har no base i Oslo her eg er med på verksted-felleskap med andre metallkunstnarar. Eg har mange prosjekter på gang både innanfor utstillingar og offentlege utsmykkingar. Fleire av mine prosjekt kan sjåast på www.krisando.no

 

Produksjon av "Balanseklang" av Kristine Roald Sandøy
Produksjon av «Balanseklang» av Kristine Roald Sandøy